Norsklæraren 4-24
Vi må våge å forstyrre eleven – og kanskje læraren?
Du veit den kjensla? Den kjensla av å rusle til eit klasserom med ei tung kasse i armane, full av romanar eller skodespel du skal lese saman med klassen din. Kanskje har du gledd deg til at elevane dine skal bli betre kjende med Mattis eller diskutere kvifor Hedda kjedar seg så veldig. Men så – undervegs til klasserommet mister du motet. Kanskje Fuglane er for vanskeleg for elevane? Rare ord, strikking og jordbrukssamfunn. Kven veit kva ei «rugd» er? Nei, dette er nok ikkje noko for dagens 17-åringar, tenkjer du og føler deg som eit tidsvitne frå ei for lengst svunnen fortid der lesing funka i klasserommet. Ei tid før TikTok, Snapchat og YouTube, konsentrasjonstap og lesekrise.
Nokre gonger lurer eg på om eg er på veg til å bli ein lektor som i god Gift-stil ber elevane mine liste opp fleire byar i Belgia, når eg vil at elevane mine skal lese skjønnlitteratur. Det krev sin adjunkt og lektor (både med og utan tilleggspoeng) å trekkje elevane vekk frå den tekstverda dei kjenner så godt, med sine raske, visuelle inntrykk produsert av ein milliardindustri og over til den sakte, analoge boka. Ei bok er ikkje algoritmestyrt eller tilpassa det eleven liker å sjå på, den berre ligg der – med alle sine underlege karakterar og miljø. KAN dette funke?
JA! Det funkar som berre det (stort sett) – noko alle artiklane eg får tilsend til Norsklæraren for tida vitnar om. Det gler meg at så mange lærarar sender meg tekstar om lesing. I denne utgåva av tidsskriftet kan du mellom anna lese om korleis Eirik Skjeveland las delar av Trilogien av Jon Fosse høgt for sonen sin, medan han spelte FIFA på Playstation. Linea Tangen skildrar eit inspirerande leseprosjekt på yrkesfag, der elevane las Tollak til Ingeborg. Kan dette gå, tenkte lærar-Linea. Rare ord, saging og jordbrukssamfunn. Kven veit kva «matauke» er? «Jeg hadde aldri trodd at jeg kunne kjenne meg igjen i en gammal sur drapsmann fra bøgda», uttalte ein av elevane då dei hadde lese romanen. Kvifor har vi ikkje applausmaskinar i klasserommet til slike innspel, tenkjer eg!
Tangen er inspirert av litteraturprofessor Martha Nussbaum. Ho hevdar at «litteratur bør ‘forstyrre’ leseren». Vår jobb er å forstyrre elevane frå den digitale verda, frå miljøet dei lever i til vanleg, frå dei verdiane og haldningane dei har. Vi skal forstyrre dei med rare menn frå «bøgda» og kvinner frå 1800-talet som leiker med pistolar. Vi skal utfordre sanningar og kva dei trur dei liker og ikkje liker, gjennom å la dei lese romanar vi trur dei ikkje kjem til å like. Vi skal forstyrre dei! Kva med å la dei analysere hekser og gamle kjerringar i litteraturen i lys av det Ole Kristian Heiseldal og Jonas K. Buer skriv om i denne utgåva av Norsklæraren: Er det giktramma kvinner som blir skildra, og kva gjer det med måten vi forstår denne sjukdomen på, når vondt blir ondt?
Og vi lærarar – vi må også bli forstyrra. Vi må våge å gå inn i litteratur der vi blir utfordra. Kva med å lese ei eller fleire bøker på Foreningen !les si tipsliste om korleis bruke skjønnlitteratur som del av seksualundervisninga?
Neste gong eg ber tung bør med meg til klasserommet, skal eg ikkje miste trua på det eg driv med. Her kjem ikkje eit tidsvitne frå ei svunnen fortid, men ein topp moderne forstyrringsmaskin!
Jorunn Øveland Nyhus, redaktør