Vi har nokre få plassar ledige. Meld interesse for deltaking ved å sende ein e-post til lnu@norskundervisning.no.
Frist for avmelding er 25. juli 2022.
Program fredag 26. august
10.30: Velkomen ved styreleiar i LNU
10.45: Opning av konferansen ved kunnskapsminister Tonje Brenna
11.00: Egil Weider Hartberg. Ligg elevane på noko i norsk, eller står dei ein plass, og kva for tal tel? Om læring, teljing og situasjonar i integrert undervegsvurdering
Er det spenningar mellom vurderingsforskrifta, overordna del, læreplanen og ‘klassisk’ vurderingspraksis i norsk? Hartberg tematiserer balansar mellom læring og vurdering, mellom elevroller og lærarroller, og mellom ulike lærarroller, og lanserer ei sortering av dei ulike prosessane i vurdering. Korleis passar tekstane om undervegsvurdering i læreplanen inn? I kva grad kan vi tenkje berre på læring og lærelyst for kvar einskilt elev, og kan norsktimane medverke til fellesskap? Kan vi samstundes gjere noko med arbeidsmengda for norsklærarar?
12.00: Cecilie Bach. «Det har vore tre år i 4+-helvetet»: 5 hypotesar om funksjonell vurdering av norsk skriftleg.
Sitatet «Tre år i 4+-helvetet» kjem frå Eirin. Eirin var ein hardtarbeidande og ambisiøs elev som oppsummerte norsk i vidaregåande som ei tung vandring frå vurdering til vurdering. For norsklærar og avdelingsleiar Cecilie Bach blei den noko mørke oppsummeringa eit vendepunkt - fordi eleven så tydeleg peika på spriket mellom eit vurderingssystem som fokuserer på karaktersetting og testing, og behovet for god, formativ vurdering. Samtalen med Eirin blei eit utgangspunkt for leiting etter og utforsking av alternative vurderingsformer i norsk. I denne presentasjonen går Bach gjennom 5 hypotesar om funksjonell vurdering i norsk skriftleg – og korleis dette blir praktisert ved Thora Storm vgs.
13.00: Lunsj
14.00: Birgitte Fondevik. Undervegsvurdering av andrespråkstekstar
Andrespråkselevar som manglar tilstrekkelege ferdigheiter i norsk, treng undervegsvurderingar som bidreg til at elevane får utvikla dei munnlege og skriftlege norskferdigheitene sine. Dette innlegget vil ta utgangspunkt i følgjande spørsmål: Kva er gode tilbakemeldingar på skriftlege og munnlege andrespråkstekstar? Elevane treng tilbakemelding på kva dei meistrar, og rettleiing i kva dei må gjere for å auke norskferdigheitene sine. Dette fordrar at ein har kunnskap om andrespråkslæring og kva som er typiske kjenneteikn ved andrespråkstekstar. Elevane har også ulike føresetnadar slik som skulebakgrunn, alder og morsmålsbakgrunn, som ein må ta omsyn til når ein gir tilbakemeldingar.
14.45: Kunstnarleg innslag og pause
15.15: Læraren og forskaren om vurdering - Kjersti Solbu og Kjell Lars Berge i utforskande samtale. Jonas Bakken leier samtalen.
Kjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fyllingsdalen VGS på femtende året. Ho har tidlegare arbeidd i LNU og på Skrivesenteret, NTNU. I 2017 ga ho ut boka Samtidslyrikk i klasserommet saman med kollega Jon Opedal Hove, og i 2019 var ho redaktør for boka Det (nye) nye norskfaget saman med Marte Blikstad-Balas. Solbu har lang erfaring som sensor og oppmann, har leia sensorskoleringar i fleire år og sit i eksamensnemnda for hovudmål- og sidemålseksamen i VGS.
Kjell Lars Berge er professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har også arbeidd ved Stockholms universitet, NTNU, Universitetet i Stavanger og Göteborgs universitet, og er æresdoktor ved Örebro universitet. Berge si interesse for skrivekulturen i skolen, skriveundervisning og vurderingskulturar er dokumenterte i bøker som Skolestilen som genre. Med påtvungen penn (1988), Norsksensorenes tekstnormer og doxa (1996), Ungdommers skrivekompetanse (2003) og i læreverket Skriv (2011). Frå 2003 til 2016 var Berge engasjert i utviklinga av nasjonale utvalsprøver i skriving. Berge var også forskar i "Normprosjektet", som er knytt til utgivinga Nye grep om skriveopplæringa (2020).
Jonas Bakken er førsteamanuensis i norskdidaktikk og fagleg leiar av Lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo. Han er utdanna allmennlærar og har hovudfag i nordisk litteratur og doktorgrad i retorikk. Han har m.a. utgitt Retorikk i skolen og Åpne dører mot verden (med Elisabeth Oxfeldt). Bakken leiar den vitskaplege redaksjonen for Norsklæraren.
16.00: Innsjekk og pause
18.00: Vorspiel med Merete Henden. Merete Henden i uformell dialogbasert flytsone om skriving og mappevurdering
19.00: Festmiddag med utdeling av to LNU-prisar!
Program lørdag 27. august
Plenum
09.00: Atle Skaftun. Frå literacy-reform til fornying av fagleg praksis: Munnlege vegar til den framtidige skolen
Fagfornyinga kan lesast som ei vidareføring og konkretisering av Kunnskapsløftet som ein literacy-reform, i det at begge peiker mot ein praksis der elevane er aktive deltakarar i den faglege praksisfelleskapen. I dette føredraget tek Skaftun utgangspunkt i ei forståing av tale og skrift som sentrale tanketeknologiar ei eit heilskapleg perspektiv på literacy som tilgang til skrifta, meining i tekst, og til diskursive praksisfellesskap. Mot dette bakteppet vil han diskutere det munnlege sin plass i norskfaget og i skolepraksis generelt, med sideblikk til vurdering for læring.
10.00. Parallellsesjon 1 (Her vel du eitt av føredraga)
Kristin Sjøhelle og Anne Jorunn Oterhals. Å vurdere munnlege ferdigheiter
Norskfaget har eit særleg ansvar for å utvikle grunnleggande munnlege ferdigheiter hos elevane, og med eigen karakter i norsk munnleg må vurdering av slike ferdigheiter ha ein sentral plass i faget. Og likevel kan det vere utfordrande å skape gode arenaer for denne vurderinga. For korleis skapar vi gode og trygge munnlege klasserom for alle elevar? Korleis legg vi til rette for at eleven kan uttrykke fagleg innhald munnleg? Og kva plass får lytteperspektivet i den munnlege vurderinga? Kristin Kibsgaard Sjøhelle peikar på nokre av dei utfordringane og moglegheitene vi ser i vurdering av munnlege ferdigheiter. I tillegg deler lærar ved Molde vidaregåande skole, Anne Jorunn Oterhals, erfaringar frå eit forskingsprosjekt der lærarane prøver ut ulike inngangar til dette arbeidet.
Kristin Kibsgaard Sjøhelle er førsteamanuensis i norskdidaktikk, og arbeider med norsk i lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda. Ho har forska på og arbeidd spesielt med nynorsk som sidemål, men er også særleg interessert i munnleg kommunikasjon i norskfaget og elevars bruk av multimodale tekstar. For tida er ho engasjert i eit prosjekt om munnleg vurdering ved to vidaregåande skolar.
Anne Jorunn Oterhals har vore lærar på vidaregåande i ti år. No jobbar ho ved Molde vidaregåande skule, der ho underviser i norsk, engelsk og psykologi. I år er ho med på eit prosjekt om vurdering i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Anne Lise Jomisko. «Men eg er jo ein femmar!» Om karakterdempa undervegsvurdering
Etter mange år med eit sterkt karakterpress og stressa elevar, fann vi i norskavdelinga på Elvebakken vgs ut vi måtte gjere noko. Å måle all innsats i ein talkarakter var ikkje tilfredsstillande verken for elev eller lærar. Derfor byrja vi i 2012 eit systematisk og medvitent arbeid med det som heiter «vurdering for læring». Med meir vektlegging på prosess enn resultat, med endra tilbakemeldingskultur og med meir rom for refleksjon over eiga læring meiner vi at vi har skapt meir læringslyst og læringsglede for elevane i norskfaget. Eg delar erfaringar og resultat i dette foredraget.
Anne Lise Jomisko er norsklektor og fagkoordinator ved Elvebakken vgs i Oslo og har jobba over 20 år i skolen. Ved sida av lærarjobben, har ho i mange år frilansa som litteraturkritikar, lærebokforfattar og foredragshaldar. Ho er mellom anna medforfattar i norskverket Appell frå Gyldendal og tidlegare i norskverket Spenn frå Cappelen, samt i ei rekke antologiar om litteratur for ungdom. I mange år har ho vore spesielt opptatt av skriveopplæring, og har saman med kollegaar ved Elvebakken sidan 2012 arbeida målretta og konsekvent med vurdering for læring og karakterdempa undervegsvurdering i norskfaget på vgs.
Jostein Saxegaard. Om å vurdere essay
Jostein Saxegaard deler praktiske tips om korleis ein kan betre elevane si essayforståing gjennom systematisk trening på delferdigheiter knytt til form, innhald og språk, og korleis vi kan bruke dette som grunnlag for vurdering.
Jostein Saxegaard har master i allmenn litteraturvitskap frå UiB, er til vanleg lektor i norsk og tysk ved Porsgrunn vidaregåande skole og har jobba mykje med essay, mellom anna som føredragshaldar og gjennom juryarbeid for Fritt Ord- konkurransen. Han har skrive ein artikkel om essayarbeid i skolen for Norsklæraren (#3-19) og eit kapittel om essay i den nye versjonen av Cappelen Damm sitt læreverk Moment 3.
Tale Engebretsen. Den sjølvstendige skrivaren - metaspråk og revisjonskompetanse
Vi ønsker at elevane våre skal vere godt rusta for all type tekstproduksjon, og at dei skal bli sjølvstendige i skriveprosessen. Då treng dei ei verktøykasse for skriving. Korleis kan vi auke elevane sin skrivekompetanse slik at dei blir meir sjølvstendige i vurdering og revidering av eigne og medelevar sine tekstar?
Tale Birkeland Engebretsen er lektor ved Porsgrunn vidaregåande skole, lærarspesialist og fagkoordinator i norsk. Ho er leiar og skrivelærar ved skrivesenteret på Porsgrunn vgs. På skrivesenteret er elevar frå vg2 og vg3 rettleiarar som hjelper andre elevar med skriving. Skriverettleiarane har fått opplæring i skriving, rettleiing og tekstkompetanse og bruker to fritimar i veka på rettleie medelevar i skriveprosessen deira.
Hans Kristian Sæterbakk, Sindre Dagsland og Even Diesen. Lydrik(k) – meir lyd, rap, herjing og fuzzpedal i klasserommet!
Kva skjer når lærarstudentar, ungdomsskoleelevar, ein mottaksklasse og profesjonelle artistar møtast for å laga låtar og eksperimentera med kva ein låt kan vera for noko? I Lydrik(k) utforskar deltakarane kreativ skriving, arbeid med lydopptak og lydbehandling, musikkproduksjon og koplingar mellom lyrikk og musikk. Praktiske, risikofylte og utøvande norsk- og musikkfaglege rammer, dannar i Lydrik(k) eit utgangspunkt for læring med kunsten som premiss. Lydrik(k) vann DIKUs utdanningskvalitetspris i 2020 og det er publisert fleire artiklar frå prosjektet (blant anna fire bidrag i Norsklæraren i 2020).
I dette innlegget presenterer Dagsland, Diesen og Sæterbakk Lydrik(k) gjennom ulike didaktiske nedslag frå prosjektgjennomføringane frå 2019 til 2022, både frå elev-, lærar- og forskarperspektiv.
Sindre Dagsland er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning (NTNU). Dagsland forskar på skrivedidaktikk, kreative skriveprosessar, song- og rap-lyrikk og estetiske arbeidsmåtar i norsk- og musikkfaget, og er ein av fleire prosjektleiarar i undervisings- og forskingsprosjektet Lydrik(k) – der majoritets- og minoritetsspråklege ungdomsskoleelevar lagar låtar under rettleiing frå lærarstudentar og profesjonelle artistar.
Even Igland Diesen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning (NTNU), og er ein av fleire prosjektleiarar i undervisings- og forskingsprosjektet Lydrik(k) – der majoritets- og minoritetsspråklege ungdomsskoleelevar lagar låtar under rettleiing frå lærarstudentar og profesjonelle artistar. Diesen forskar på litterære og litteraturdidaktiske emne, særleg ulike former for songlyrikk, og disputerte i 2018 på avhandlinga «Når vi svinger inn på Macern gjør vi det på ordentlig» – En studie i norsk raplyrikk.
Hans Kristian Sæterbakk er adjunkt med opprykk og underviser ved Rosenborg skole i Trondheim. Han underviser i faga norsk, musikk og sal og scene, i tillegg til å vera MOT-coach. Han er interessert i kreativitet, leik og generell moro innanfor musikk- og norskfaga. Sæterbakk er ein av lærarane som har vore med på å utvikla Lydrik(k), der elevane ved Rosenborg årleg eksperimenterer med koplingar mellom lyrikk og musikk. I 2020 publiserte han teksten "Lærerperspektiver på Lydrik(k)" i Norsklæraren, saman med sin partner in crime, Øystein Gjerde Nilsen.
11.00. Parallellsesjon 2 (Her vel du eitt av føredraga)
Kristin Sjøhelle og Anne Jorunn Oterhals. Å vurdere munnlege ferdigheiter
Sjå omtale over.
Anne Lise Jomisko. «Men eg er jo ein femmar!» Om karakterdempa undervegsvurdering
Sjå omtale over.
Jostein Saxegaard. Om å vurdere essay
Sjå omtale over.
Tale Engebretsen. Den sjølvstendige skrivaren - metaspråk og revisjonskompetanse
Sjå omtale over.
Hans Kristian Sæterbakk, Sindre Dagsland og Even Diesen. Lydrik(k) – meir lyd, rap, herjing og fuzzpedal i klasserommet!
Sjå omtale over.
Bilde over av Kristin K. Sjøhelle, Jostein Saxegaard, Anne Lise Jomisko, Tale Engebretsen, Even Diesen, Sindre Dagsland, Hans Kristian Sæterbakk og Anne Jorunn Oterhals
Plenum
12.00: Michael Stilson. Vraka, slakta, stroken, benka og avslått
I livet sitt som elev, fotballspelar og forfattar har Michael Stilson lagt hovudet på blokka så mange gonger at det er eit under at det framleis sit på. Men ettersom hovudet framleis er der, skal han i dette avslutningsforedraget fortelje historier og anekdotar om det å bli vurderte av andre, anten det er i klasserommet, i fotballgarderoben eller i bokbransjen. Kva kan det gjere med eit menneske å utsetje seg for andre sine kritiske blikk, og kvifor vil nokon eigentleg seg sjølv så vondt?