LNU-KONFERANSEN 2022: TEL DENNE? Om vurdering i det fornya norskfaget

Den viktigaste konferansen for norsklærarar

Her finn du fullt program og ulike alternativ for deltaking. NB! Konferansen brukar å bli utseld. Det er lurt å melde seg på raskt dersom du vil sikre plass. Medlemspris for full konferansepakke er kr. 3650,- i enkeltrom (eksl. mva). Pris for ikkje-medlemmer er kr. 4650,- (enkeltrom, eksl. mva). Med andre ord er det lurt å melde seg inn i LNU før påmelding. Meld deg inn her: https://www.norskundervisning.no/bli-medlem

Du finn fleire prisalternativ lenger nede i saka.

Program fredag 11. mars

10.30: Velkomen ved styreleiar i LNU

10.45: Opning av konferansen ved kunnskapsminister Tonje Brenna

Kunnskapsminister Tonje Brenna

11.00: Egil Weider Hartberg. Ligg elevane på noko i norsk, eller står dei ein plass, og kva for tal tel? Om læring, teljing og situasjonar i integrert undervegsvurdering

Er det spenningar mellom vurderingsforskrifta, overordna del, læreplanen og ‘klassisk’ vurderingspraksis i norsk? Hartberg tematiserer balansar mellom læring og vurdering, mellom elevroller og lærarroller, og mellom ulike lærarroller, og lanserer ei sortering av dei ulike prosessane i vurdering. Korleis passar tekstane om undervegsvurdering i læreplanen inn? I kva grad kan vi tenkje berre på læring og lærelyst for kvar einskilt elev, og kan norsktimane medverke til fellesskap? Kan vi samstundes gjere noko med arbeidsmengda for norsklærarar?

Egil Weider Hartberg

Egil Weider Hartberg er prosjektleiar og instituttleiar ved Senter for livslang læring på Fakultet for lærarutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet. Han var norsk- og musikklærar i ungdomsskule og vidaregåande skule i 10 år, og har etter dette, som prosjektleiar ved høgskulen, vore engasjert i  skuleutvikling og kompetanseutvikling for lærarar og leiarar, med læringsfremjande vurdering, læreplanarbeid og inkluderande miljø, og samspelet mellom desse, som dei sentrale perspektiva.

12.00: Cecilie Bach. «Det har vore tre år i 4+-helvetet»: 5 hypotesar om funksjonell vurdering av norsk skriftleg.

Sitatet «Tre år i 4+-helvetet» kjem frå Eirin. Eirin var ein hardtarbeidande og ambisiøs elev som oppsummerte norsk i vidaregåande som ei tung vandring frå vurdering til vurdering. For norsklærar og avdelingsleiar Cecilie Bach blei den noko mørke oppsummeringa eit vendepunkt - fordi eleven så tydeleg peika på spriket mellom eit vurderingssystem som fokuserer på karaktersetting og testing, og behovet for god, formativ vurdering. Samtalen med Eirin blei eit utgangspunkt for leiting etter og utforsking av alternative vurderingsformer i norsk. I denne presentasjonen går Bach gjennom 5 hypotesar om funksjonell vurdering i norsk skriftleg – og korleis dette blir praktisert ved Thora Storm vgs.

Cecilie Bach

Cecilie Bach er norsklærar og avdelingsleiar ved Thora Storm vgs. i Trondheim. Ho har undervist i norsk på vidaregåande i over 20 år og har i ein periode jobba som fagdidaktikar i norsk ved NTNU. Bach har i fleire år arbeidd med eksamen i norsk og er no leiar i fagnemnda for norsk hovudmål og sidemål i vidaregåande skole. Ho er mangeårig sensor og oppmann ved eksamen i norsk og har skrive ein artikkel om dette i boka Å invitere elevar til skriving (Vigmostad og Bjørke, 2015)

13.00: Lunsj

14.00: Birgitte Fondevik. Undervegsvurdering av andrespråkstekstar 

Andrespråkselevar som manglar tilstrekkelege ferdigheiter i norsk, treng undervegsvurderingar som bidreg til at elevane får utvikla dei munnlege og skriftlege norskferdigheitene sine. Dette innlegget vil ta utgangspunkt i følgjande spørsmål: Kva er gode tilbakemeldingar på skriftlege og munnlege andrespråkstekstar? Elevane treng tilbakemelding på kva dei meistrar, og rettleiing i kva dei må gjere for å auke norskferdigheitene sine. Dette fordrar at ein har kunnskap om andrespråkslæring og kva som er typiske kjenneteikn ved andrespråkstekstar. Elevane har også ulike føresetnadar slik som skulebakgrunn, alder og morsmålsbakgrunn, som ein må ta omsyn til når ein gir tilbakemeldingar.

Birgitte Fondevik

Birgitte Fondevik er dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho underviser i norsk som andrespråk i grunnskulelærarutdanninga, i vidareutdanning for lærarar og rettleiar masterstudentar. Fondevik forskar på klasseromspraksiser og skulesituasjonen til fleirspråklege elevar og rettleiar skular for utvikling av andrespråksdidaktisk arbeid i ein fleirspråkleg skule. Ho har publisert fleire artiklar om fleirspråklege elevar og skulekvardagen.

14.45: Kunstnarleg innslag og pause

15.15: Læraren og forskaren om vurdering - Kjersti Solbu og Kjell Lars Berge i utforskande samtale. Jonas Bakken leier samtalen.

Kjersti Solbu, Kjell Lars Berge og Jonas Bakken

16.00: Innsjekk og pause

18.00: Vorspiel med Merete Henden. Merete Henden i uformell dialogbasert flytsone om skriving og mappevurdering

Merete Henden

Merete Henden jobbar som norsk- og engelsklærar ved Mysen vgs, og ho er lærarspesialist i skriving. Henden har meir enn 20 år med erfaring frå både ungdomsskolen og videregående. I 2017 vann ho Kopinors pris for fabelaktig formidling, og i 2021 ga ho ut boka Skriv for livet! Merete Henden har lang erfaring som kurshaldar for norsklærarar.

19.00: Festmiddag med utdeling av to LNU-prisar!

Program lørdag 12. mars

Plenum

09.00: Atle Skaftun. Frå literacy-reform til fornying av fagleg praksis: Munnlege vegar til den framtidige skolen

Fagfornyinga kan lesast som ei vidareføring og konkretisering av Kunnskapsløftet som ein literacy-reform, i det at begge peiker mot ein praksis der elevane er aktive deltakarar i den faglege praksisfelleskapen. I dette føredraget tek Skaftun utgangspunkt i ei forståing av tale og skrift som sentrale tanketeknologiar ei eit heilskapleg perspektiv på literacy som tilgang til skrifta, meining i tekst, og til diskursive praksisfellesskap. Mot dette bakteppet vil han diskutere det munnlege sin plass i norskfaget og i skolepraksis generelt, med sideblikk til vurdering for læring.

Atle Skaftun

Atle Skaftun har doktorgrad i nordisk litteraturvitskap og er professor i lesevitskap ved Lesesenteret, UiS. Særlege interessefelt er leseopplæring, fagspesifikk literacy og litterære samtaler. Skaftun interesserer seg i aukande grad for kva for strukturar som finst for elevdeltaking, både i skolen og i faga. Munnleg interaksjon er ein fellesnemnar for mange av desse interessene.

10.00. Parallellsesjon 1 (Her vel du eitt av føredraga)

  1. Kristin Sjøhelle og Anne Jorunn Oterhals. Å vurdere munnlege ferdigheiter

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å utvikle grunnleggande ferdigheiter i munnleg kommunikasjon. Korleis legg vi til rette for gode og trygge munnlege klasserom for alle elevane? I dette innlegget peikar Sjøhelle på nokre av dei utfordringane og moglegheitene for vurdering i norsk munnleg som kjem som følgje av fagfornyinga. I tillegg deler lærar ved Molde vidaregåande skole, Anne Jorunn Oterhals erfaringar frå eit forskingsprosjekt, der lærarane prøver ut ulike inngangar til arbeid og vurdering av munnlege ferdigheiter i norskfaget.

  2. Anne Lise Jomisko. «Men eg er jo ein femmar!» Om karakterdempa undervegsvurdering i vidaregåande skole

    Etter mange år med eit sterkt karakterpress og stressa elevar, fann vi i norskavdelinga på Elvebakken vgs ut vi måtte gjere noko. Å måle all innsats i ein talkarakter var ikkje tilfredsstillande verken for elev eller lærar. Derfor byrja vi i 2012 eit systematisk og medvitent arbeid med det som heiter «vurdering for læring». Med meir vektlegging på prosess enn resultat, med endra tilbakemeldingskultur og med meir rom for refleksjon over eiga læring meiner vi at vi har skapt meir læringslyst og læringsglede for elevane i norskfaget. Eg delar erfaringar og resultat i dette foredraget.

  3. Jostein Saxegaard. Om å vurdere essay

    Jostein Saxegaard deler praktiske tips om korleis ein kan betre elevane si essayforståing gjennom systematisk trening på delferdigheiter knytt til form, innhald og språk, og korleis vi kan bruke dette som grunnlag for vurdering.

  4. Tale Engebretsen. Den sjølvstendige skrivaren - metaspråk og revisjonskompetanse

    Vi ønsker at elevane våre skal vere godt rusta for all type tekstproduksjon, og at dei skal bli sjølvstendige i skriveprosessen. Då treng dei ei verktøykasse for skriving. Korleis kan vi auke elevane sin skrivekompetanse slik at dei blir meir sjølvstendige i vurdering og revidering av eigne og medelevar sine tekstar?

  5. Hans Christian Seterbakk, Sindre Dagsland og Even Diesen. Lydrik(k) – meir lyd, rap, herjing og fuzzpedal i klasserommet!

    Kva skjer når lærarstudentar, ungdomsskoleelevar, ein mottaksklasse og profesjonelle artistar møtast for å laga låtar og eksperimentera med kva ein låt kan vera for noko? I Lydrik(k) utforskar deltakarane kreativ skriving, arbeid med lydopptak og lydbehandling, musikkproduksjon og koplingar mellom lyrikk og musikk. Praktiske, risikofylte og utøvande norsk- og musikkfaglege rammer, dannar i Lydrik(k) eit utgangspunkt for læring med kunsten som premiss. Lydrik(k) vann DIKUs utdanningskvalitetspris i 2020 og det er publisert fleire artiklar frå prosjektet (blant anna fire bidrag i Norsklæraren i 2020).

    I dette innlegget presenterer Dagsland, Diesen og Sæterbakk Lydrik(k) gjennom ulike didaktiske nedslag frå prosjektgjennomføringane frå 2019 til 2022, både frå elev-, lærar- og forskarperspektiv.  

11.00. Parallellsesjon 2 (Her vel du eitt av føredraga)

  1. Kristin Sjøhelle og Anne Jorunn Oterhals. Å vurdere munnlege ferdigheiter

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å utvikle grunnleggande munnlege ferdigheiter hos elevane, og med eigen karakter i norsk munnleg må vurdering av slike ferdigheiter ha ein sentral plass i faget. Og likevel kan det vere utfordrande å skape gode arenaer for denne vurderinga. For korleis skapar vi gode og trygge munnlege klasserom for alle elevar? Korleis legg vi til rette for at eleven kan uttrykke fagleg innhald munnleg? Og kva plass får lytteperspektivet i den munnlege vurderinga? Kristin Kibsgaard Sjøhelle peikar på nokre av dei utfordringane og moglegheitene vi ser i vurdering av munnlege ferdigheiter. I tillegg deler lærar ved Molde vidaregåande skole, Anne Jorunn Oterhals, erfaringar frå eit forskingsprosjekt der lærarane prøver ut ulike inngangar til dette arbeidet.

  2. Lija Kwetzinsky. Karakterdempa undervegsvurdering i skriveopplæringa på ungdomstrinnet

    Vurderingsforskrifta stiller krav til at undervegsvurdering skal fremje lærelyst og vere ein integrert del av opplæringa. I tillegg er det gjort tydelegare i LK20 at vurderinga mellom anna skal hjelpe elevane med å sjå og forstå eiga utvikling. Korleis kan vi bidra til å fremje lærelysten ved å fjerne karakterar i undervegsvurderinga og i større grad arbeide med eleven sin sjølvrefleksjon og konkrete tilbakemeldingar i skriveprosessen? I dette innlegget vil Kwetzinsky dele tips og erfaringar frå vurderingspraksisen på Nordberg ungdomsskole og vise konkret korleis ein kan vurdere betre utan å bruke karakterar.

  3. Jostein Saxegaard. Om å vurdere essay

    Jostein Saxegaard deler praktiske tips om korleis ein kan betre elevane si essayforståing gjennom systematisk trening på delferdigheiter knytt til form, innhald og språk, og korleis vi kan bruke dette som grunnlag for vurdering

  4. Tale Engebretsen. Den sjølvstendige skrivaren - metaspråk og revisjonskompetanse

    Vi ønsker at elevane våre skal vere godt rusta for all type tekstproduksjon, og at dei skal bli sjølvstendige i skriveprosessen. Då treng dei ei verktøykasse for skriving. Korleis kan vi auke elevane sin skrivekompetanse slik at dei blir meir sjølvstendige i vurdering og revidering av eigne og medelevar sine tekstar?

  5. Hans Christian Seterbakk, Sindre Dagsland og Even Diesen. Lydrik(k) – meir lyd, rap, herjing og fuzzpedal i klasserommet!

    Kva skjer når lærarstudentar, ungdomsskoleelevar, ein mottaksklasse og profesjonelle artistar møtast for å laga låtar og eksperimentera med kva ein låt kan vera for noko? I Lydrik(k) utforskar deltakarane kreativ skriving, arbeid med lydopptak og lydbehandling, musikkproduksjon og koplingar mellom lyrikk og musikk. Praktiske, risikofylte og utøvande norsk- og musikkfaglege rammer, dannar i Lydrik(k) eit utgangspunkt for læring med kunsten som premiss. Lydrik(k) vann DIKUs utdanningskvalitetspris i 2020 og det er publisert fleire artiklar frå prosjektet (blant anna fire bidrag i Norsklæraren i 2020).

    I dette innlegget presenterer Dagsland, Diesen og Sæterbakk Lydrik(k) gjennom ulike didaktiske nedslag frå prosjektgjennomføringane frå 2019 til 2022, både frå elev-, lærar- og forskarperspektiv.  

Bilde over av Kristin K. Sjøhelle, Jostein Saxegaard, Anne Lise Jomisko, Tale Engebretsen, (Bilde kjem snart av Anne Jorunn Oterhals, Hans Kristian Seterbakk, Even Diesen, Sindre Dagsland og Lija Kwetzinsky)

Plenum

12.00: Michael Stilson. Vraka, slakta, stroken, benka og avslått

I livet sitt som elev, fotballspelar og forfattar har Michael Stilson lagt hovudet på blokka så mange gonger at det er eit under at det framleis sit på. Men ettersom hovudet framleis er der, skal han i dette avslutningsforedraget fortelje historier og anekdotar om det å bli vurderte av andre, anten det er i klasserommet, i fotballgarderoben eller i bokbransjen. Kva kan det gjere med eit menneske å utsetje seg for andre sine kritiske blikk, og kvifor vil nokon eigentleg seg sjølv så vondt?

Michael Stilson

12.45: Avslutning

13.00: Lunsj og utsjekking

Print Friendly and PDF

Påmelding og program, LNU-konferansen 2022: “Tel denne, da? Om vurdering i det fornya norskfaget”

Anundsen: Samtalesjangre i andrespråksklasserommet

Anundsen: Samtalesjangre i andrespråksklasserommet