Ny bok i Norskbokklubben: Temainnganger i praksis - norsk for studieforberedende

Vibeke Sæther og Anita Melvold: Temainnganger i praksis - norsk for studieforberedende

Det er den draumen for oss norsklærarar at vi skal få elevane med oss på den gylne vågen vi veit om, men som dei kanskje ikkje har oppdaga enno. Då må vi får elevane engasjerte og i utforskingsmodus. Hausten 2020 kom Temainnganger til norskfaget, skriven av Vibeke Sæther og Anita Melvold, som ville hjelpe oss med akkurat det: Å få elevane meir engasjerte og auke kjensla deira av relevans gjennom ei temabasert tilnærming til norskfaget. Denne utgjevinga vart populær og har inspirert mange av oss.

No kjem oppfølgaren: Temainnganger i praksis - norsk for studieforberedende. Boka viser korleis ei temabasert norskundervisning kan fungere på studieførebuande. Boka tilbyr faktisk konkrete undervisningsopplegg for alle norsktimane gjennom alle dei tre åra!

Første del av boka startar med ei drøfting av korleis danninga vert vareteke og kanskje også styrkt gjennom ei temabasert norskundervisning, og eit eige kapittel tek for seg korleis vi kan tilpasse undervisninga til elevar med kort butid i Noreg. Bokas hovuddel inneheld årsplanar og konkrete opplegg for kvart trinn på studieførebuande. Denne delen har mykje å by på, anten ein vil jobbe temabasert eller ikkje. Her får vi grundige beskrivingar av oppgåver, tekstar og reiskapar ein kan bruke for å engasjere elevane i norskfaget generelt og i spesifikke tema. Tips til tverrfagleg samarbeid finn ein òg. Til grunn ligg ein gjennomtenkt progresjonsplan for faget, der skriveopplæring får stor vekt. Her er det mykje for norsklærarane å la seg inspirere av!

For LNUs bokredaksjon

Irene Brendehaug

Avbestillingsfrist: 14. mai

Sendes ut: ca. 21. mai





Print Friendly and PDF

Ny bok i Norskbokklubben: 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på, 2. utg.

Presentasjoner fra LNU-konferansen 2024, "Må vi lese heile? Korleis styrke litteraturlesinga i klasserommet?"