Norsklæraren 4-22

Norsklæraren 4-22

Eigenrefleksjon

Fleire enn meg som slit litt med vurderingspraksisen sin for tida? Som gammal travar i klasserommet er eg drilla i ein vurderingspraksis med formelle og uformelle vurderingar. Elevane skal bli varsla om når dei blir vurdert, og det skal vere tydelege vurderingskriterier. Alt dette sit under huda på meg. Men eg ser sjølvsagt utfordringar med denne måten å jobbe på. Kvifor skal elevar arbeide og leike seg i faget i økter utan formell vurdering? Kva skjer med lærelyst om all læring skal koplast til vurdering? Læring i seg sjølv burde vere motivasjon nok. Det tenkjer i alle fall ein lærar.

Eg er derfor begeistra for den nye vurderingsforskrifta og tekstane om «Undervegsvurdering» i læreplanen. Eg opplever at fleire av utfordringane eg hadde med å motivere elevar til å jobbe jamt med faget, er blitt mindre når det står svart på kvitt at vurdering skal stimulere til lærelyst, elevane skal få prøve seg fram og lærar og elev skal vere i dialog om utvikling.

At vurdering skal vere ein integrert del av undervisninga og ikkje lengre skiljast ut som noko eige, jamfør større formelle vurderingar, fører sjølvsagt med seg nye utfordringar: Alt kan jo ikkje bli vektlagt like mykje! Er det bannlyst å kalle skriving «heildagsprøve»? Og korleis skal ein klare å vere i «kontinuerleg dialog» med elevar om korleis det går i faget utan å brekke nakken?

Etter å ha jobba med ny vurderingsforskrift vil eg vurdere eiga måloppnåing slik:

Eg nyttar høve til å oppmode lærarar til å sende inn tekst til Norsklæraren om sin vurderingsspraksis. Kva gjer du for å få til ein god vurderingspraksis for deg og elevane dine?

Jorunn Øveland Nyhus, redaktør

Print Friendly and PDF
Hårr og Blikstad-Balas: Kreativ skriving - med modelltekster

Hårr og Blikstad-Balas: Kreativ skriving - med modelltekster

LNU-konferansen 2023: Nordiske nøkler - Norden som inngang til fagfornyede, norskfaglige rom