Norsklæraren 2-24

Norsklæraren 2-24

Lesekrisa

Ungdom les ikkje litteratur slik dei gjorde før. Tal frå fleire undersøkingar viser at færre ungdommar les skjønnlitteratur av fri vilje. I 2021 svarte  ein av tre gutar på vidaregåande skule at dei ikkje hadde lese ei einaste bok det året, ifølge tal frå Forleggerforeningen. Skjebnen til folket på Hellemyren er lystig lesing samanlikna med PISA-rapportane dei seinaste åra. Hovudfunna etter undersøkinga i 2022 viser nemleg at heile 27 prosent av norske elevar les så dårleg at dei manglar minimumskompetansen ein treng for å vere godt førebudd til vidare utdanning og arbeidsliv.

Det er vel inga tvil? Vi står overfor ei lesekrise. Ikkje berre i Noreg, men også i andre land vi likar å samanlikne oss med. PISA-resultata i Sverige og Danmark viser same tendens som dei norske tala. Til og med i Finland peiker pilene nedover.

Når tala er såpass dystre, er det opplagt at ein må drive kritisk sjølvgransking. I Noreg har «snuttlesinga» blitt trekt fram som eit svar på dårleg lesekondis og lesekompetanse hos elevane. Vi les for få heile verk!


Det er også nærliggande å diskutere kva slags tekstar ein bør lese i skulen. Er det dei eldre tekstane som drep leselysta hos ungdommen? I Sverige er eitt av fleire svar på synkande lesekompetanse i skulen å la elevane lese meir ungdomslitteratur. Håpet er at litteratur skrive til målgruppa skal bidra til auka leseglede. I Danmark derimot, tviheld dei på ein litterær kanon. Kanontekstar av høg litterær verdi skal sikre at elevar blir eksponerte for kvalitetslitteratur og dermed få auga opp for litteraturens vidunderlege verd. I Noreg les vi framleis mykje eldre litteratur, men då frå ei meir uoffisiell kanonliste enn dei har i Danmark.  Gjennom læreplanen er vi òg forplikta  til å samanlikne tekstane med tekstar som i større grad gjenspeglar elevanes samtid. Kva for ei linje som gir best resultat, er kanskje umogleg å seie, men å diskutere tekstutval med kollegaer og elevar gir nyttige perspektiv når ein skal forsøke å finne ut kva ein bør gjere for å auke lesegleda.

I denne utgåva av Norsklæraren trykker vi fleire artiklar skrivne av foredragshaldarane på årets LNU-konferanse. Tema var «Må vi lese heile? Korleis styrke litteraturlesinga i klasserommet». I løpet av to fine dagar i Stavanger fekk vi mange tips til korleis ein kan styrke litteraturlesing og ikkje minst, kvifor vi ikkje må gi opp kampen for lesinga i klasserommet.

For lesekrisa er eit ikkje «berre» eit skuleproblem, ho er eit stort samfunnsproblem. I ei tid der milliardar blir pøst inn i ein teknologiindustri som kjempar om merksemda til barn, unge og vaksne, kjem vi ikkje langt om alt ansvaret for å styrke lesing blir lagt på læraren. Det må politisk vilje og evne til å sjå at ein befolkning som les, er ein styrke både for enkeltindividet og samfunnet. Regulering av «skjerm/eit eller anna ord her» i skulen er ein veg å gå, tenkjer eg. Satsing på fysiske bøker – særleg for dei yngste elevane – er eit anna opplagt svar.

 Redaktør Jorunn Øveland Nyhus

 

 

 

 

 

 

 

Print Friendly and PDF

Ny bok i Norskbokklubben: Temainnganger i praksis. Norsk for yrkesfag

Ny bok i Norskbokklubben: 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på, 2. utg.