Kontakt anne.koch@fagbokforlaget.no for spørsmål om påmelding og deltaking. Frist for påmelding er 23. januar 2024.
LNU-konferansen i heimbyen til Obstfelder og Kielland må sjølvsagt handle om litteratur og lesing. For kva er sjølve laksen på stonga for norsklæraren? Er det ikkje når vi kjenner at litteraturen treffer, og når diskusjonar om det vi les, dirrar og tek uventa retningar? Samtidig sviktar PIRLS-resultata i takt med svinnande evne til konsentrasjon. Ungdom les ikkje lenger, blir det sagt. Er det nokon vits i å kjempe for litteratur og leselyst? Kan vi ikkje berre godta at TikTok og Netflix er komne for å bli, og at det er på mobilen ungdommane hentar forteljingane sine?
Nei, naturlegvis ikkje. Vi må fortsetje å insistere på at «Ja, vi skal lese heile boka!». Derfor byr vi på lærarar som får lesinga til å svinge og på forskarar som viser engasjerande vegar inn i litteraturen. Målet er at du skal få med deg dei beste ideane og opplegga som kan eggje og vekkje leselysta i klasserommet. Samtidig skal du få nerde i veg med detaljar frå krikar og krokar av litteraturen, og har du litteraturhistorie som din guilty pleasure, ja då kan vi love djup tilfredsstilling.
Program fredag 15. mars
(endringar kan førekomme)
10.30: Velkomen, ved styreleiar Liv Cathrine Krogh
10.45: Opning av konferansen
11.00: Janne Stigen Drangsholt. Undset, Woolf og Levy: Den moderne kvinnen i og utenfor litteraturen
Sigrid Undset skriv ein stad at ho har komme over Virginia Woolfs Et Eget rom (1929), og at ho slett ikkje var imponert. Og medan ho seinare meinte av Woolfs romanar vitna om ei "ytterst interessant og talentfull forfatterinne", heldt ho fram med å vere skeptisk til dette essayet som handlar om kva det vil seie å vere ei moderne kvinne. Nesten hundre år seinare skriv Levy om både Undset og Woolf i memoarane sine. I dette foredraget ser Janne Stigen Drangsholt nærmare på dei uttalte, og ikkje uttalte, linjene mellom desse tre ytst interessante og talenfulle forfatterinnene. Kor møtest dei og kor skil dei lag?
11.45: Pause
12.00: Mads B. Claudi. Baklengs inn i fortida? Om litteraturundervisning, demokrati og medborgarskap i norskfaget
Etter fagfornyinga skal demokrati og medborgarskap vere tema også i norskfaget. I dette foredraget spør Claudi om korleis litteraturundervisninga kan fungere i demokratiet si teneste på ein måte som tek vare på både læreplanen sin ambisjon og litteraturen og litteraturundervisninga sin eigenart. Med utgangspunkt i både eldre og nyare litteratur, og ispedd ein kritikk av læreplanen, forsøker Claudi å teikne omrisset av ein litteraturdidaktikk som både kan tematisere, kritisere og konsolidere eit demokratisk fellesskap.
13.00: Lunsj
14.00: Margrethe Sønneland. «Eg treng ikkje ha ei meining om kva som er for vanskeleg for elevane». Teksten som problem eller kjelde til engasjement?
Korleis skal ein få elevar til å engasjere seg i arbeid med litteratur i klasserommet? Har tekstvalet noko å seie for elevengasjement i det heile tatt? Denne forelesinga utforskar korleis det kan sjå ut i klasserommet når elevane opplever at det er meiningsfullt å involvere seg i tekstarbeidet. Vi skal sjå på døme både frå mellomtrinnet og ungdomstrinnet, og vi skal og ein tur innom ungdomsskolen i Sverige for å undersøke kva lærarar kan gjere for å halda liv i dette engasjementet, når det først er der.
14.45: Pause
15.00: Lars August Fodstad. «...smaa Skyer af extrafint, filologisk Støv.»
I Kiellands Gift gjeng lærarane kring som visne, grinete spøke fordi jobben deira er å strø støv på ein ungdom dei ikkje skjønar. Dei sjukelege elevane er knapt i stand til å slepe seg gjennom det aller minste pensum av gamle klassikarar. Har den eldre litteraturen – som Kielland sjølv – blitt vår tids skolestøv, eller er det enno håp om å finne læring og lukke gjennom lesingas liding? Kvifor og korleis skal det kunne gå til?
15.45: Pause
15.55: Musikalsk, Munch-inspirert preludium ved organist Ghislain Gourvennec
16.10. Ivo de Figueiredo og Anne Lise Jomisko: Kunstnarskap og ekteskap
Første bind av den nye biografien om Edvard Munch, Stormen, er ute til strålande kritikkar. Gjennom seks år har Ivo de Figueiredo pløgd seg gjennom ei enorm mengde kjelder og litteratur og likevel endt opp med ei bok kritikarane har omtalt som overraskande kort og velskrive. Kva for skrivemetode ligg bak prosessen, og kva for ein Munch har han funne?
Anne Lise Jomisko er ein erfaren lesar og formidlar av litteratur, og har som de Figueiredos ektefelle følgt skriveprosessen tett frå andre etasje. Kva skjer når ekteparet møtest til samtale om kunstnaren som så lenge har dominert livet deira? Har Ivos tankar om litterær sakprosa relevans for Anne Lise sitt arbeid som lærar? Og er det noko i den kulturhistoriske analysa hans av Munch og samtida hans som kan gjere forståinga vår av samanhengen mellom bildekunst og litteratur rikare?
16.55: Musikalsk postludium ved organist Ghislain Gourvennec
Pause
Kveld: Festmiddag med underhaldning og utdeling av LNU-prisen
Lørdag 16. mars
09.00. Troels Posselt og Christian Goveia Jacobsen: Del av noko større
Korleis kan vi inspirere til leselyst og meir lesing av litteratur i ei tid der undersøkingar tyder på at lesevanar og haldningar til lesing er under press? I kva grad kan formidling av eit breitt utval av litteratur, litterære samtaler samt priser der unge lesarar sjølv kårar sine favorittbøker bidra til auka engasjement for lesing?
I dette foredraget deler Goveia Jacobsen og Posselt praksisnære tips og erfaringar med utgangspunkt i arbeidet til leselystorganisasjonen Foreningen !les.
09.45: Pause
10.00: Parallelle sesjonar, del 1
Parallel 1: Jon Opedal Hove. «Ka skjedde? Dauet han? Shiiit! Eg visste det!»: Erfaringar om korleis vi kan lese heile verk – ei praktisk tilnærming
At det å lese heile verk trumfar det å lese utdrag, er vi nok alle einige om. Men eg tippar at vi også er einige om at det ikkje nødvendigvis er så enkelt, og at det sjeldan fungerer å dele ut boka og be elevane lese for seg sjølve. Eg vil difor dele nokre erfaringar om kva vi har gjort på Fyllingsdalen vgs dei siste åra, for av og til har vi nemleg vore i nærleiken av å dra laksen opp på land! Døma mine vil vere henta frå arbeid med Fuglane av Vesaas, Dette er andre dagar av Ruth Lillegraven og Abid Rajas sjølvbiografi Min skyld.
Parallell 2: Lene Maria Kleven. Lesing i klasserommet? – eit undervisningsopplegg som trassar algoritmar og konsentrasjonssvikt
God lesekompetanse er ein føresetnad for å lykkast i studiar og arbeidsliv, men norske elevars lesekompetanse er trua. Studiar viser at lesestrategiundervisninga har eit stort unytta potensiale til å motverke ein negativ trend. Lenes opplegg spring ut frå prosjektet “Grunnleggande Ferdigheiter”, der fokusområdet hennar var lesing og lesestrategiar. Tematisk tek undervisningsopplegget utgangspunkt i nokre av dei viktigaste truslane mot lesinga – konsentrasjonssvikt og algoritmar.
Parallell 3. Kjersti Dybvig: Kunsten å sprenge seg gjennom bokmuren
Korleis kan vi få fleire elevar til å lese bøker? Dybvig vil i foredraget sitt vise ulike måtar å "møte" boka på. For er det meir enn ein måte å lese ei bok på? Kan det vere at vi norsklærarar kjenner på eit større ansvar overfor boka si oppbygging, enn for elevane sin moglegheit til å møte ho fritt og utforskande? Med andre ord: føler vi nærmast ein religiøs respekt for forfattaren sitt arbeid? Og legg vi gjennom dette unødvendige hinder for elevane? Dybvig vil reflektere rundt konferansetittelen, "(m)å eg lese heile boka", og prøve å vise korleis elevane kan gå i ein aktiv dialog med boka. For gjennom dialog med boka blir det opna moglegheiter for engasjement, og etter kvart nysgjerrigheit, for korleis det eigentleg vil vere å lese ei heil bok.
10:45: Pause
11.00. Parallelle sesjonar, del 2, med same foredrag som i del 1
11.45: Pause
12.00: Jonas Bakken. «Fremtidens Forbrydelser eller Lærerens Frihed». Korleis kan – og bør – norsklæreplanen sjå ut i 2034?
Med utgangspunkt i erfaringa si frå læreplangruppa for norsk vil Bakken drøfte i kva retning norskfaget er på veg i dag, fire år etter at LK20 blei innført. Hadde norskfaget godt av å bli putta inn i ein kompetansebasert læreplan, med kompetansemål, tverrfaglege tema, kjerneelement og grunnleggande ferdigheiter? Eller har tida snart komme for å skrote heile greia og prøve noko nytt – eller gammalt? Kva slags læreplan kan gi elevane det norskfaget dei treng og fortener i ein løpsk digital kultur der ingen har tid til å lese heile boka? Det blir eit foredrag med lange faghistoriske liner, litterære allusjonar, kritiske sleivspark og lekkasjar frå LK20 sin myteomspunne skyggelæreplan i «fremtidsrettet norsk».
12.45: Avslutning
13.00: Lunsj
Kontakt anne.koch@fagbokforlaget.no for spørsmål om påmelding og deltaking.
Prisoversikt
(Merk at prisene under er oppgitt ekskl. mva. Pris ved betaling er inkl. mva., men fradragsreglene gjør at skolene får disse avgiftene tilbakebetalt.)
For medlemspris, meld deg inn her (du sparer over medlemsavgift x 2)
Full konferansepakke med festmiddag og overnatting i dobbeltrom: 3957,- (LNU-medlem), 4957,- (ikke LNU-medlem)
Full konferansepakke med festmiddag og overnatting i enkeltrom: 4350,- (LNU-medlem), 5350,- (ikke LNU-medlem)
Konferansepakke med middag, uten overnatting: 3396,- (LNU-medlem), 4396,- (ikke LNU-medlem)
Konferanse uten middag og overnatting: 2800,- (LNU-medlem), 3800,- (ikke LNU-medlem)