Ny bok i Norskbokklubben

Forside, Norsk språkhistorie for lærarar.jpg

Ingvil Brügger Budal (red.), Karine Stjernholm og Bernt Ø. Thorvaldsen

Norsk språkhistorie for lærarar

Fagfornyinga vart frå starten kritisert for å ta for lett på dei historiske emna i norskfaget. Dei tradisjonelle emna språk- og litteraturhistorie står ingen stad i læreplanen. Derimot er tekstars «kulturhistoriske kontekst» ei vending som går att. Men for å jobbe formålstenleg med det må ein ha ein samansett språkhistorisk kompetanse i botnen. Norsk språkhistorie for lærarar har nettopp ein ambisjon om å styrke denne samansette kompetansen hjå lærarar og lærarstudentar.

Boka går kronologisk gjennom eldre og nyare språkhistorie med både språkinterne og -eksterne perspektiv. Kvart kapittel blir avslutta med oppgåver, der ein kan arbeide vidare med stoffet og dessutan få idear til klasserommet. Til slutt får vi eit kapittel som drøftar det fleirspråklege Noreg i dag. Læreplanen legg vekt på både å utforske denne variasjonen og å forklare den historiske bakgrunnen for skriftspråka våre. Aasen og Knudsen oppstod ikkje i eit vakuum, så ein kan ikkje forklare dagens språksituasjon ved å begynne soga med dei. Det skjønar ein godt når ein les denne boka.

Ein annan ting ein skjønar, er at å arbeide kulturhistorisk ikkje er noko nytt. Det finst ikkje meir framifrå tekst- og literacyforskarar enn den gamle norrønfilologen. At boka både har ei diakron og synkron innretning, sender dessutan ei viktig melding: Aktualiteten til språk avheng ikkje av om dei er levande eller daude.   

For bokredaksjonen i LNU

Leiv Inge Aa

Avbestillingsfrist 6. april. Avbestill her, eller send en e-post til lnu@fagbokforlaget.no

Print Friendly and PDF

Nordspråks sommerkurs på Island 27.-30. juli 2021

Laila Aase får LNU-prisen for 2020. Få med deg livestrømming av utdelingen 12. mars kl. 18.00!