Ny bok i Norskbokklubben

Skriv for livet (9788245027921) Front cover.jpg
Skjermbilde 2021-05-14 102021.jpg

Skriv for livet!

Allereie tittelen Skriv for livet! fortel oss kva Merete Henden vil med boka si. Sjansen er stor for at ho pirkar litt i det profesjonelle samvitet vårt: Kva er føremålet med skriveoppgåvene vi gjev elevane våre? Skriv dei for å bevise kva dei har lært, eller gjev vi dei skriveoppgåver som gjer dei glade i å skrive, og for at dei skal skrive resten av livet òg, utanfor skulekonteksten? «Dersom elevene […] er mest vant til å skrive for å bli vurdert, […] vil læreren i større grad opptre som en dommer enn som en trener. Det vil da være en fare for at elevene får et passivt forhold til skriving og revidering, uten å bli skrivere på ordentlig» (s. 36). Henden vil at vi skal verte trenarar som utviklar elevane sin skrivekondis og gjer dei til ordentlege skrivarar. Dette høyrest jo både fornuftig og bra ut, særleg når ein tek innover seg forskinga Henden presenterer, som støttar siktemålet hennar. Men det er vel også eit typisk døme på noko som er lettare sagt enn gjort?

Heldigvis tilbyr boka konkrete framgangsmåtar for å prøve å nå målet. Tilnærminga i denne boka er heilskapleg: Henden viser korleis vi kan bruke heile skuleåret til systematisk å utvikle skriveferdigheitene, og korleis vi også kan utvikle andre ferdigheiter og livsmeistring gjennom å skrive. I tillegg har ho utvikla over 500 skrivestartarar som lett kan takast i bruk saman med elevane. Ho oppmodar også oss lærarar om å leve som vi lærer vekk, altså at vi sjølv også bør skrive og vise fram skriving i klasserommet. Slik er boka nyttig og inspirerande både for den unge, uerfarne læraren, og for læraren som kanskje har falle inn i faste og vante spor. Med andre ord hjelper Skriv for livet! både læraren og elevane å gjere skriving til ein naturleg del av livet.

For bokredaksjonen i LNU

Irene Brendehaug

 

Print Friendly and PDF
Norsklæraren 2-21

Norsklæraren 2-21

Nordspråks sommerkurs på Island 27.-30. juli 2021