Heidi Brøseth, Kristin Melum Eide og
Tor A. Åfarli (red.)
SPRÅKET SOM SYSTEM:
NORSK SPRÅKSTRUKTUR
På same måte som skriving er mykje meir enn grammatikk, er grammatikk mykje meir enn skriving.
Medlemspris: 389,-
Ordinær pris: 489,-
Avbestillingsfrist: 26. november 2019
ISBN: 978-82-450-2166-0 | 376 sider
I Fagfornyinga er «Språket som system og moglegheit» eit av seks kjerneelement i norskfaget. Likevel er det lite systemgrammatikk å spore blant kompetansemåla, der tekstskapinga veg tyngre. Desto viktigare er det å få ei grammatikkbok som det ikkje knitrar papir av, men der utgangspunktet er at grammatikken først og fremst høyrer til det munnlege språket. Dei tre redaktørane, Heidi Brøseth, Kristin Melum Eide og Tor A. Åfarli, er alle generative grammatikarar tilsette ved NTNU. Utgangspunktet deira er at grammatikk er ei medfødd evne i menneskesinnet, og at det er eit system vi tileignar oss allereie før skulealder.
I det første kapittelet illustrerer Eide noko av dette «tileigningsunderet», som då ligg som eit vitskapsteoretisk bakteppe for resten av boka. Såleis er rettskriving og dei tekstlege sidene ved grammatikk nedtona. Redaktørane definerer grammatikk som fonologi, morfologi og syntaks. Og sjølv om dei fleste kapitla handlar om syntaks, er det verdt å merke seg dei to andre komponentane òg. Morfologi og syntaks er tett samanvovne; oppbygginga av ord liknar oppbygginga av frasar (ordgrupper). Det er strenge reglar for kva ord og frasar som kan fungere som subjekt, direkte objekt osv., og kor desse ledda kan stå i setninga. Mange lærebøker tematiserer syntaks, men færre tematiserer setningsstruktur.
Medan Ivar Berg, også NTNU, har skrive morfologikapittelet, står Jan Kristian Hognestad ved Universitetet i Stavanger bak kapittelet om fonologi og fonetikk. Lydlæra møtte eg først som student sjølv, og eg har alltid tenkt sidan at det skulle vore mykje meir av det i skulen. Som norsklærar må ein ha kjennskap til den norske fonologien mellom anna for å kunne skjøne kva utfordringar elevar med norsk som andrespråk står overfor. Vi kan ikkje lære oss alt om alle verdas språk, men særkjenna ved det norske lydsystemet bør oppgraderast til språkdelens Ibsen!
Etter kapitla til Berg og Hognestad følger åtte syntakskapittel fordelte på dei tre redaktørane, dei fleste av Åfarli. Dei med nordisk grunnfag i beltet vil kunne vekke til live mange gamle syntaksgleder i desse kapitla.
Heilt til slutt får vi eit kapittel om grammatikkdidaktikk forfatta av Brøseth og Mari Nygård; sistnemnde er lærarutdannar ved NTNU. Her blir ulike syn på grammatikk(undervising) tematiserte, og det blir synt at ein òg må lausrive seg frå skriving (særleg rettskriving!) når ein arbeider med grammatikk som kognitiv kompetanse. På same måte som skriving er mykje meir enn grammatikk, er grammatikk mykje meir enn skriving.
For bokredaksjonen i LNU,
Leiv Inge Aa