Norsklæraren 4-20

Norsklæraren 4-20

Innhold_NL#4.2020.jpg

No kan berre jula komme! Anten du skal feire med familie, åleine eller i karantene kan du kose deg med inspirerande og kloke tekstar i Norsklæraren.

I bladet kan du lese om grammatikk, literacyomgrepet, lyrikk og elevforsking. Du kan også fordjupe deg i det gåtefulle Is-slottet eller sjå om Montaigne kan hjelpe deg gjennom koronatida. I bladet finn du heile to vitskapelege artiklar. Begge del av Lydrik(k), eit fleirfagleg undervisnings- og forskingsprosjekt i ungdomsskule og lærarutdanning ved NTNU. I 2020 blei dette nyskapande og kreative prosjektet tildelt Utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (DIKU).

I haust rulla Utdanningsdirektoratet ut eksempeloppgåver til eksamen i engelsk vg1. Over 30 engelsklærarar har i denne utgåva av Norsklæraren, underteikna eit opprop der dei ber norsklærarar å komme med innspel til dei til dels omfattande endringane. På nyåret er det venta at det kjem føringar for korleis norskeksamen skal sjå ut. Styreleiar i LNU Aslaug Fodstad Gourvennec, ber i leiarartikkelen sin om større innsyn i denne prosessen.

Vil du ha meir lesestoff, kan du få tips til korleis bruke Alias i undervisninga eller dataspel for å skape tekstar i klasserommet.

Norsklæraren ønsker alle lesarar ei riktig god julefeiring.

Forsiden_NL#4.2020.jpg


Print Friendly and PDF

LNU-kurs: Utforskende grammatikkundervisning – språket som system og mulighet

Harstad, Dagsland og Diesen: "Lysne" som lysning. Vestlandslyrikk og eksistensielt orientert litteraturundervisning

Harstad, Dagsland og Diesen: "Lysne" som lysning. Vestlandslyrikk og eksistensielt orientert litteraturundervisning