Norsklæraren 2-22

Norsklæraren 2-22

 

Lærelyst og vurdering

Heildagsprøvar, tentamen, fagdagar og vurderingar – ord som kling godt i øyra til elevar? Tja. Vurderingar er jo ein sjølvsagt del av det å gå på skulen, og for elevar flest er det ein heilt overkommeleg del av det å vere elev. For andre derimot, blir vurderingar ei kjelde til stress og låg trivsel på skulen. Ein praksis som ikkje bidreg til motivasjon eller lærelyst. Lærelyst? Skal vurdering bidra til lærelyst, spør du kanskje. Ja, den skal faktisk det. I den nye vurderingsforskrifta står det nemleg skrive – svart på kvitt – at vurderingspraksisen i skulen skal bidra til lærelyst. Er det eit uoppnåeleg ideal?

I denne utgåva av Norsklæraren kan du lese to artiklar som diskuterer korleis ein vurderingspraksis kan bidra til lærelyst og betre læring for elevane. Artiklane er skrive av to ungdomsskulelærarar og viser korleis dei arbeider med karakterdempa og prosessorientert skrive- og vurderingspraksis på skulen. Erfaringane desse lærarane har gjort seg, viser at når vurderinga blir tettare knytt til læringsarbeidet, blir elevane mindre stressa og meir motivert til å arbeide med tekstane sine. Beate Hogsnes Søgård sin artikkel om heildagsskriving på Haugenstua skole er også eit godt døme på korleis lærarane kan «få unna» responsarbeid på tekstar i arbeidstida og dermed unngå å ta med seg «bunkene» heim. Og nettopp her trur eg ein er inne på noko viktig.

Skal vurderingspraksisen bidra til lærelyst, må vi lærarar sjølvsagt endre på måten vi brukar og ser på vurdering. Vi må slutte å «rette» tekstar etter at elevane meiner dei er «ferdige med dei», men vise og gjere det overtydeleg for elevane kva skriverettleiing kan eller bør vere. Dette er nok å slå inn opne dører hos uttallige norsklærarar, god skriverettleiing undervegs i prosessen er innarbeida i dei fleste klasserom, men bidreg ho nødvendigvis til auka lærelyst?

Eg tenkjer lærelyst kjem når elevane ser at dei faktisk får til å betre arbeidet sitt og at metodane for korleis ein arbeider er varierte og utfordrar ulike sider av eleven. For å få til dette, tenkjer eg det er viktig at vi lærarar sluttar å jobbe dobbelt. Om vi er til stades undervegs i skriveprosessen i klasserommet, MÅ vi slutte å dra med oss tekstar vi skal «rette» etterpå. Dette igjen – meiner eg – vil bidra til at ein får betre tid og overskot til å planlegge læringsprosessar som kan motivere elevane til å arbeide i prosess.

Eg håper artiklane i Norsklæraren kan inspirere deg og kollegaene dine til å lage skrivesituasjonar for elevane som er tydeleg integrert i eit læringsløp. Kanskje de til og med får til eit godt samarbeid med andre faglærarar slik dei på Grorud har kombinert norsk- og gymfagdagar? I tillegg håper eg at du som norsklærarar sluttar å gjere ting du vanlegvis gjer. Ikkje «rett bunkar», men stol på at rettleiinga du gjev undervegs er meir enn godt nok for at elevane kan utvikle seg som skrivarar. Skal du kunne lage gode læringsløp der vurdering er ei integrert del av løpet, må du også arbeide mindre med tekstar utanfor klasserommet. Det kan hende eg tek feil, men ein overarbeida norsklærarar bidreg i alle fall ikkje til auka lærelyst.

Redaktør Jorunn Øveland Nyhus

 

Print Friendly and PDF
Myhr, Falao, Tambala og Vines: LK20 sett i lys av bildeboka Lejren

Myhr, Falao, Tambala og Vines: LK20 sett i lys av bildeboka Lejren

Ny bok i Norskbokklubben: Litteraturkanon i norskfaget – historiske liner, aktuelle utfordringar