LNUs fagpolitiske arbeid
I formålsparagrafen til LNU heiter det at laget «forpliktar seg til å fore myndigheitene med fagleg tufta argument til bruk i den nasjonale språk- og undervisningspolitikken». I tråd med dette ser LNU-styret det som ein viktig del av arbeidet sitt å gje grundige høyringsfråsegner i høyringar som gjeld norskfaglege emne i undervisningssektoren og samfunnet. LNU vert med jamne mellomrom invitert til å komme med særskilte fråsegner og får tilbakemeldingar om at fråsegnene våre vert lesne og ofte tekne omsyn til. Dei siste åra har LNU blant anna levert høyringsfråsegner til alle utkasta til nye læreplanar i norsk knytte til fagfornyinga. Her kan du lese alle høyringssvara LNU har skrive dei siste åra: