LNU-konferansen 2024: Må vi lese heile? Ein konferanse om korleis vi kan styrke litteraturlesinga i klasserommet

«Naar jeg begynder et Kapitel, som jeg har rigtigt varmt i Hovudet, er det saa morsomt – ja, jeg vil ikke paastaa, at det er fuldt saa morsomt som at have en Lax paa Stangen, men ialfald som en stor Ørret.» (Alexander L. Kielland i brev til Edvard Brandes, 1879)

LNU-konferansen i heimbyen til Obstfelder og Kielland må sjølvsagt handle om litteratur og lesing. For kva er sjølve laksen på stonga for norsklæraren? Er det ikkje når vi kjenner at litteraturen treff, og når diskusjonar om det vi les, dirrar og tek uventa retningar. Samtidig sviktar PIRLS-resultata i takt med svinnande evne til konsentrasjon. Ungdom les ikkje lenger, blir det sagt. Er det nokon vits i å kjempe for litteratur og leselyst? Kan vi ikkje berre godta at TikTok og Netflix er komne for å bli, og at det er på mobilen ungdommane hentar forteljingane sine?

Nei, naturlegvis ikkje. Vi må fortsetje å insistere på at «Ja, vi skal lese heile boka!». Derfor byr vi på lærarar som får lesinga til å svinge og på forskarar som viser engasjerande vegar inn i litteraturen. Målet er at du skal få med deg dei beste ideane og opplegga som kan eggje og vekkje leselysta i klasserommet. Samtidig skal du få nerde i veg med detaljar frå krikar og krokar av litteraturen, og har du litteraturhistorie som din guilty pleasure, ja då kan vi love djup tilfredsstilling.

Møt Janne Stigen Drangsholt, Jonas Bakken, Lars August Fodstad, Ivo de Figueiredo, Jon Opedal Hove, Margrethe Sønneland, og mange fleire på den viktigaste konferansen for norsklærarar. Velkommen skal du vere!

(Påmelding åpner i overgangen november-desember)

Print Friendly and PDF

Ny bok i Norskbokklubben: 101 måter å lese på - en teoretisk og praktisk lesedidaktikk (2. utgave)

LNUs faglige engasjement i ChatGPT/KI-debatten