Kva kan du forvente?
På konferansen får du eksempel frå klasserommet på smart vurdering både med og utan karakter, du kan bli klok på det nye kompetanseomgrepet (sjølvsagt med ei norskfagleg vinkling), og det blir halde foredrag om eigenvurdering, forholdet mellom undervegs- og sluttvurdering, karakterdempa vurdering, vurdering av essay og kreative tekstar, vurdering av tekstane til elevar med norsk som andrespråk, og ikkje minst, vurdering av munnlege ferdigheiter.
Foreløpig program
NB! Tidspunkta blir truleg noko justerte
Fredag 11. mars
10.30: Velkomen ved styreleiar i LNU
10.45: Opning av konferansen
11.00: Egil Hartberg om undervegsvurdering og vurdering av kompetanse i fagfornyinga, med norskfagleg vinkling
12.00: Cecilie Bach om heilskapleg planlegging av vurderingar i norskfaget, frå både leiar- og norsklærarperspektivet
13.00: Lunsj
14.15: Kunstnarleg innslag
14.30: Birgitte Fondevik om undervegsvurdering av andrespråkelevar sine tekstar og munnlege ferdigheiter
15.30-16.15: Kjersti Solbu og Kjell Lars Berge i samtale der tema er læraren og forskaren sine perspektiv på vurdering. Jonas Bakken leier samtalen
Lørdag 12. mars
09.00: Atle Skaftun om potensialet i det munnlege som tankeverktøy
10.00. Parallelle føredrag 1:
Kristin Sjøhelle og ein lærar frå Molde vgs., om vurdering av munnlege ferdigheiter, med utgangspunkt i eit konkret prosjekt frå Molde vgs.
Anne Lise Jomisko, om karakterdempa undervegsvurdering i vidaregåande skole
Jostein Saxegaard, om vurdering av essay og kreative tekstar
Tale Engebretsen, om å utvikle revisjonskompetanse hos elevane
Hans Christian Seterbakk, Even Diesen og Sindre Dagsland, om prosjektet "Lydrik(k)"
11.00. Parallelle føredrag 2:
Kristin Sjøhelle og ein lærar frå Molde vgs., om vurdering av munnlege ferdigheiter, med utgangspunkt i eit konkret prosjekt frå Molde vgs.
Lija Kwetzinsky, om karakterdempa undervegsvurdering på ungdomstrinnnet
Jostein Saxegaard, om vurdering av essay og kreative tekstar
Tale Engebretsen, om å utvikle revisjonskompetanse hos elevane
Hans Christian Seterbakk, Sindre Dagsland, om prosjektet "Lydrik(k)"
12.00: Lunsj og utsjekking
13.00: Michael Stilson, avslutningsføredrag om å vurdere og å bli vurdert som fotballspelar, forfattar og norsklærar
For å delta må du gjere følgjande:
LNU har som mål å trekke til seg fleire nye og kommande norsklærarar. Derfor subsidierer vi denne gongen inn 40 NTNU-studentar for gratis deltaking mot innmelding i LNU. Medlemskap kostar kr. 250,- for studentar for eitt år (konferansepris for ikkje-medlemmer er ca. kr. 4000,-). Som medlem i LNU får du bladet Norsklæraren i postkassa fire gonger i året og tilbod om medlemskap i Norskbokklubben (ikkje obligatorisk). Her kan du lese om fleire medlemsfordelar.
Slik går du fram for å melde deg på
Fyll ut dette påmeldingsskjemaet innan 20. november. Dei 40 første som melder seg får plassane. Du får svar kort tid etter utfylling (ikkje automatisk). Hugs å registrere e-postadresse!
Dersom du får plass, melder du deg inn som studentmedlem på LNU sin nettstad: https://www.norskundervisning.no/bli-medlem
Når medlemskapen er stadfesta, blir du lagt inn som påmeld.
Følg sida til Landslaget for norskundervisning på Facebook for oppdateringar om arrangement, LNU sitt fagpolitiske arbeid, kurs med meir!